Nye bandtilbod i kulturskulen

Den 30. mai skreiv Firdaposten om kulturskulen sine
bandtilbod. Badmiljøet i Florø er desverre ikkje det same som det ein gong var. Dette ynskjer kulturskulen å gjere noko med. Vi utvidar difor tilbodet for å få i gang fleire band. Aldersgrensa vert senka til 10 år og vi går dermed i gang med junoirband for 10 åringar. I tillegg er det ikkje lenger eit krav at ein skal ta indivuduelle timar for å kunne gå på bandundervisning. Vi startar også opplæring frå botn av i bandsamanheng. Lærar i band er gitarlærar Eilif Vårdal. Firdaposten har lagd ein fin artikkel om både tilbodet og læraren Eilif Vårdal. Les artikkelen her: 
"Kulturskulen ønsker seg fleire band i bygget"

Foto: Arne Hjort Johansen, Firdaposten