Kulturskuletimen er eit gratistilbod til elevar i frå 1. til 3. klasse. Elevane melder seg på gjennom skjema utdelt på skulane, eller direkte her på heimesida.
Gjennom eit år på kulturskuletimen får ein kjennskap
til song, rytme, ulike instrument, bevegelse, samspel og det å opptre. Tilbodet går over eit heilt år, men ein kan sjølvsagt hoppe av for å melde seg på eit instrument i kulturskulen i løpet av året. Kulturskuletimen
er nemleg meint som ein smakebit på det ein seinare kan møte om ein melder seg på eit fag i kulturskulen.
Foreløpig er tilbodet kun i avdeling Florø.