Ungdomskor

Nytt dette skuleåret er oppstart av eit ungdomskor i Florø. Dette er eit kor leda av Jorunn Bakke Nydal og er for dei som går på ungdomsskule og vidaregående skule. Det vil bli øving kvar tysdag kl. 16.00 til 17.00 og oppstart er tenkt 1. september. Koret er ope for alle i målgruppa og ein treng ikkje være elev på kulturskulen fra før. Elevar som allereie går på individuell vokalundervisning i kulturskulen er sjølvsagt også hjarteleg velkomne til å være med. Det er tenkt at koret skal ha eigne konsertar, men også medvirke på kulturskulen sine større forestillingar gjennom skuleåret.

Mål:
Å musisere sammen.

 Om undervisninga:
Ein time ein gong i veka.

Lokale læreplanar Søk plass på ungdomskor i avdeling Florø