Musikk - Visuell kunst - Dans

Kulturskulen er eigd og driven av kommunen, og driv offentleg undervisning innan dei estetiske faga musikk, visuell kunst, dans og musikkterapi. Skulen har elevar i heile livsløpet frå barnehage til seniorkor.

Målsetjing:

  • Være eit supplement til grunnskule og vidaregåande skule, innan dei estetiske faga.
  • Auke livskvaliteten til innbyggjarane i kommunen gjennom musikk-, danse-, kunstopplæring og musikkterapi og ikkje minst gjennom oppleving av dei fire fagfelta.
  • Være eit lokalt ressurssenter for kultur i tråd med Rammeplan for kulturskolen

Tilkomst

Kulturskulen ligg i aksen mellom Florø barneskole, Florø ungdomsskule og Flora vidaregåande skule. Ein kan nytte gang- og sykkelveg eller turstiar frå alle 3 skulane. Mjuke trafikkantar kan bruke hovudinngangen i Livius Smittgate. Dei med bil parkerer ved omsorgssenteret sine parkeringsplassar i Kinnvegen 1, og går opp gangsti langs austsida av skulen.