Alle søkarar vert automatisk registrert på venteliste i kulturskulen sitt administrasjonsprogram.
Søkaren får automatisk melding når vi har motteke søknaden. Dei som får plass, får melding om oppmøtedato, stad, klokkeslett,
lærar og aktivitet. Ved hovudopptaket til nytt skuleår, får søkaren melding like før skulestart. Dei som står på venteliste vil få tilbod så snart det vert ledige plassar.
Undervisninga følgjer skuleruta og går føre seg på ettermiddag og kveldstid. Kulturskulen har rutinar med å skaffe timeplanar frå alle dei større skulane i kommunen. Vi prøver dermed å legge undervisninga for kvar enkelt elev så tett opp til skuleslutt som mogeleg.
Etter målsetjinga til kulturskulen skal tilbodet være for alle. Avgrensing i økonomi og ressursar gjer likevel at ein ikkje rekk å gje tilbodet til alle som ynskjer det. Kulturskulen må difor ha ein del kriteriar for opptak av nye elevar. Vi må difor bl.a. anna ta omsyn til følgjande:
Påmelding er uansett bindande for eit kvartal når undervisninga er starta. Ein må likevel gje skriftleg beskjed snarast til kulturskulen sin administrasjon, om ein ynskjer å slutte, eller søkje om permisjon midt i eit kvartal.
Ynskjer
eleven å trekke seg frå påmelding før skuleåret startar må ein gje skriftleg melding innan skulestart.
Vert ikkje fristane haldne, må ein vurdere kvartal som oppstarta, og ein må betale full kvartalsavgift.
Kulturskulen
fakturerer 2 gonger pr semester (kvart kvartal). Elevavgifta er bindande for eit halvt semester/1 kvartal, og vert sendt ut i frå kommunen si økonomiavdeling.
Kulturskulen har diverse instrument til utleige, t.d. fiolin, celloar, trekkspel, saksofon, klarinett og tverrfløyte. Ved utleige av instrument vert det inngått skriftleg avtale. Leigetakar er erstatningsansvarleg
ved skade på instrument.
Utanom dette er det vanleg at elevane nyttar eigne instrument. Kulturskulen kan gje råd ved kjøp av instrument. Det har til no vore praksis å skaffe billege instrument ved å samkøyre bestillingar
(t.d. fiolinar).
Kulturskulen fakturerer 2 gonger pr semester (kvart kvartal). Elevavgifta er bindande for eit halvt semester/1 kvartal, og vert sendt ut i frå kommunen si økonomiavdeling.
Prisar finn du her: