Kulturskulen er eit
ressurssenter som tilbyr tilpassa
musikkopplæring og musikkterapi for:
Musikk har ein unik evne til
å fange merksemd, motivere, skape
struktur og kontakt. Det er desse kvalitetane i musikk som musikkterapeutar
brukar for å fremje mål knytt til livskvalitet og helse.
Som eit nytt fagfelt innan
helse har musikkterapi dei siste åra fått ein sementert plass i den stadig
vaksande stallen av behandlingsmetodar vi gjera nytte av i møte med samfunnets
ulike helseproblema.
Menneske i alle aldersgruppe,
kulturar eller samfunnslag skal ha mogelegheita til å nytte seg av musikkterapi
som ein del av deira behandlingsforløp.
Eit venleg mistak er at ein
treng musikalske forkunnskapar for å ha nytte av musikkterapi. Som
musikkterapeutar arbeidar vi med ein tilpassa terskel i mente, slik at alle,
uansett funksjonsnivå, får den behandlinga dei ønsker.
Korleis musikkterapi er i
praksis avhenger i stor grad av kven som mottar behandlinga. I korte trekk
brukar vi musikk eller musikkrelaterte aktivitetar for å betre livskvaliteten,
gi opplevingar av mestring, etablere konstruktive miljø, og elles skape ein
arena for vekst og utvikling.