Aspirant i korps

I Måløy tilbyr vi korpsaspirantopplæring fra 2. klasse og oppover.

Individuell undervisning.

Undervisninga føregår på: 
Raudeberg, Skavøypoll og på kulturskulen.

Aspirantopplæringa er eit samarbeid mellom skulekorpsa og kulturskulen, der korpsa kjøper elevplassar.

Undervisninga føregår stort sett i SFO-tid. Kulturskulen prøver så langt det let seg gjere å leggje aspirantopplæringa rett etter skuletid.

Lokale læreplanar Søk plass på aspirant i korps i avd. Måløy

Vi bruker boka, «Midt i blinken 1». Dei som blir ferdige med bok 1, får starte på bok 2 i samme serie. Det blir mest undervist  i kornett, althorn og bariton, men det har også vore undervist litt i tuba og trombone. 

Vi samler alle aspirantane til felles konsert med korpsa fleire gonger i året, der aspirantane bla bruker notar frå "Debut-serien". 

Aspirantane går 2 år før dei går inn i korpset. Nokon korps kjøper eit 3. år for at aspirantane skal få oppfølging etter å ha starta i korpset. Ikkje alle aspiranter er klare etter to år. Då blir dei anbefalt å ta eit tredje år. 

Øvingsrutiner: 
Det er nødvendig at eleven øver regelmessig.
God sittestilling i passande høgde til instrumentet.
Uforstyrra område der han kan konsentrere seg.