Aspirantopplæring

I Måløy tilbyr vi korpsaspirantopplæring for 3 årskull:
1 klasse, 2. klasse og 3. klasse. 

Gruppe på 3- 4 elevar.

Undervisninga føregår på: 
Bryggja, Holvik, Raudeberg, Skavøypoll og Skram skule. 

Aspirantopplæringa er eit samarbeid mellom 4 skulekorps og kulturskulen, der korpsa kjøper elevplassar.

Undervisninga føregår i SFO-tid på ungane sine skular. Dei som ikkje går på SFO, kjem tilbake til på skulen for å få aspirantopplæring. Foreldra er nøgde med at aspirantopplæringa er tidlig på dag og at det dermed ikkje går ut over andre aktiviteter. 

Lokale læreplanar Søk plass på aspirantopplæring i avd. Måløy

Vi bruker boka, «Midt i blinken 1». Dei som blir ferdige med bok 1, får starte på bok 2 i samme serie. Det blir mest undervist  i kornett, althorn og bariton, men det har også vore undervist litt i tuba og trombone. 

Vi samler alle aspirantane til felles konsert med korpsa fleire gonger i året, der aspirantane bla bruker notar frå "Debut-serien". 

Aspirantane går 2 år før dei går inn i korpset. Nokon korps kjøper eit 3. år for at aspirantane skal få oppfølging etter å ha starta i korpset. Ikkje alle aspiranter er klare etter to år. Då blir dei anbefalt å ta eit tredje år. 

Øvingsrutiner: 
Det er nødvendig at eleven øver regelmessig.
God sittestilling i passande høgde til instrumentet.
Uforstyrra område der han kan konsentrere seg.